Odd Nordstoga Heimafrå til Bruvik!

oddBruvik er ein av 100 stader Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland vitjar på sin turné ”Heimafrå”. 6. juni 2013 held dei konsert på Knausatun klokken 20:30.
Ingebjørg Bratland trollbind alle som kjem i hennar veg med med si særprega stemme. Ingen band, ingen strykearrangement. Så enkelt som det kan gå an – berre bruke av dei songane som utgjer det musikalske jordsmonnet der dei begge to kjem ifrå, nemleg Vinje.

Folkemusikkprosjektet ”Heimafrå”

”Kva med eit folkemusikkfundert prosjekt” tenke Odd Nordstoga. Kven kan eg gjera noko slikt med?

scene-cover2-fc-hansfredrik

Ein vakker vårdag for eit par år sidan tok Ingebjørg Bratland vegen opp til Lambertseter i Oslo, opp på musikkloftet til Odd. Og her byrja songane å trille fram. Den fyrste songen som vart prøva var Jørund Tellnes si tekst «Å bån og veslegut». Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit enkelt opptak gjort. Det var noko med dette opptaket. Veldig fint var det. Berre to songstemmer og eit enkelt akkompagnement. Trong ikkje meir.

Folkemusikkprosjektet ”Heimafrå” vart fødd. Kjøp billetter på Billettservice.

Enkelt og ekte

Ingen band, ingen strykearrangement. Så enkelt som det kan gå an – berre bruke av dei songane som utgjer det musikalske jordsmonnet der dei begge to kjem ifrå, nemleg Vinje. Og det er eit godt jordsmonn; Vest-Telemark er av dei rikaste folkemusikkdistrikta i landet. Så der er mykje å ta av.

Albumet ”Heimafrå” inneheld nokon av desse songane, og kjem 1. mars. Turnéplanane byrjar å ta form – heile 100 stader i vårt langstrakte land, også dei utanfor allfarveg, vil bli vitja av spelemannen Odd saman med Ingebjørg – som med si særprega stemme av ein heilt spesiell kvalitet trollbind alle som kjem i hennar veg. Deg og.

Med seg på denne reisa har dei bassist Gjermund Silset. Og sin kjærleik til musikk.

www.heimafrå.no / Facebook Heimafrå

kunngjeringar

17. MAI PÅ BRUVIK

08:00      FLAGGHEISING
10:00     FESTGUDSTJENESTE VED HÅKON KINSARVIK
TALE VED MARIA HUNDHAMMER
KRANSENEDLEGGING
11:00     PROSESJON TIL KNAUSATUN
11:45     TALE VED KJELL ÅGOTNES
SAL AV MIDDAG, PØLSER, KAKER, IS M.M.
12:15     LEIK OG KONKURRANSAR:
LYKKEHJUL,FISKEDAM,
MELKESPANNKAST, PILKAST,
SKYTTING M.M.
13:30     SPRINGING FOR BORN UNDER SKULEALDER
BYGDESTAFETT
14:30     PREMIEUTDELING

Bruvik på facebook!

Klikk her for å gå til Bruvik sin facebook-gruppe

Bli med i gruppen og få nyheter fra Bruvik!


Treningsrommet
på Knausatun

Tren når du vil! Mange apparater på plass, åpent for alle. Les mer her eller spør i Nærbutikken.

image_preview

Hvis du bruker Internet Explorer kan du ha bruvikbygda.no som startside ved å klikke her.