Nytt håp for byggefeltet

Fiskeseth__Wenche_n_694517b

Wenche Fiskeseth er berre ein av mange på Bruvik som no har grunn til å vera nøgde. I heradsstyremøtet onsdag opplyste rådmannen at kommunen ønskjer å tilrettelegga og selja tomtene i feltet sjølve. Her kan du lese hele saken

Det var like før heradsstyret skulle ta pause og få seg ein matbit at rådmannen gjekk på talarstolen for å koma med ei orientering. Det skulle visa seg å vera ei orientering alle på Bruvik kjem til å jubla over.

Bruvik-jubel

— Vi må innsjå at feltet kommunen eig saman med andre grunneigarar på Bruvik ikkje oppnår den salssummen dei andre grunneigarane kan akseptera. Rådmannen vil difor koma med ei sak til politisk behandling der vi føreslår at kommunen sjølv tilrettelegg og sel einskildtomter, sa rådmannen til heradsstyret.

Særleg for Wenche Fiskeseth og Tomas Kristiansen må pausematen ha smakt ekstra godt, men Fiskeseth presiserer at dette er ei nyhende alle på Bruvik vil vera glad for.

— Dette var akkurat det vi trong å høyra, og lenge har håpa å høyra. Vi har greidd å halda liv i skulen og vi har fått liv i butikken att. Å få fleire barnefamiliar til bygda vil bidra til å halda liv både i skulen og i butikken. Dette var ein heilt fantastisk førjulspresang frå rådmannen, seier ein openbart hoppande glad Fiskeseth.

Prøvd lenge nok

Ordførar Kar F. Aakre håpar også det no blir ei løysing på Bruvik.

— Vi har no lenge prøvd å få seld feltet, og jamvel brukt to ulike meklarar, utan å lukkast. Då må vi finna andre løysingar, og eg trur det kan vera ein god idé at kommunen tilrettelegg og sel einskildtomter. For det er fleire som ønskjer å byggja på Bruvik, men vi får ikkje seld prosjektet under eitt til ein aktør, seier Aakre.

Ordføraren legg til at for kommunen er det aller viktigaste å få folk til å busetja seg i kommunen, slik at inntektene går opp. Men det tyder ikkje at ikkje kommunen også ønskjer å få att pengane kommunen alt har lagt ut på prosjektet.

Møte med dei andre

Det er assisterande rådmann Jarle Landås som frå kommunen si side har jobba mest med denne saka, og han opplysar at det seinare denne månaden skal vera eit møte mellom alle eigarane for å avklara dei vidare stega.

— Vi må mellom anna avklara korleis dei stiller seg til at kommunen kjøper dei ut av prosjektet. Det ligg i kontrakten med dei at vi kan kjøpa ut, og vi har nemnt dette for dei andre eigarane tidlegare. Eg har godt håp om at dette skal gå i orden, seier Landås.

Ettersom det er heradsstyret som har bede administrasjonen selja prosjektet under eitt i den opne marknaden, må heradsstyret venda tommelen opp for ikkje å gjera det på denne måten likevel.

— Er det avklart om det blir det kommunale selskapet Osterøy utbygging AS som kjøper prosjektet?

— Det er ei av fleire løysingar, men det får vi koma tilbake til, seier Landås.

Denne saken er laga av Ronny Bertelsen, Bygdanytt.

kunngjeringar

Zumba for alle starter opp i september 2017. Deler av timen er Zumba strong (styrketrening). Kjempegøy og veldig god trening!

Prisen kr 1300 inkludert medlemskap i Bruvik idrettslag. Ta kontakt med Jorunn Hermannsen 41634888 eller møt opp!

Betal til Vipps nummer 87757 eller kontonummer 3626 07 22276, merk betaling med personer og fødselsdato.

Bruvik på facebook!

Klikk her for å gå til Bruvik sin facebook-gruppe

Bli med i gruppen og få nyheter fra Bruvik!


Treningsrommet
på Knausatun

Tren når du vil! Mange apparater på plass, åpent for alle. Les mer her eller spør i Nærbutikken.

image_preview

Hvis du bruker Internet Explorer kan du ha bruvikbygda.no som startside ved å klikke her.