Frivillighetssentralen
Osterøy Frivillighetssentral 10 år
Osterøy Frivillighetssentral fylte 10 år mars 2008. Her på Bruvik har vi mange gode hjelparar og høg aktivitet. Dagleg leiar, Wenche Fiskeseth, bur på Bruvik og har kontor her og i Lonevåg .
Vi driv besøksteneste i heimen og dette er aukande av di her stadig er fleire heimebuande eldre. Frivillige går heim til dei same kvar veke og andre er hos forskjellige. Det er både som besøksven og til praktisk hjelp. Ofte treng nokon skyss for å handle eller til å kome seg ut ein tur. Har ein eit stabilt nettverk held ein seg lenger frisk og deltek meir i samfunnet.
Sentralen har “bok-kafe” kvar onsdag på Osterøytunet og Bufellesskapet. Her deltek 25 — 35 bebuarar saman med hjelparar frå Frivillighetssentralen. Det er høgtlesing og den sosiale kontakten som står i sentrum rundt eit festdekka langbord med mat og kaffi. Sentralen har og besøksteneste på Osterøytunet.
Opfylging av utskrevne pasientar og fylgjeteneste
Vi har eit nært samarbeid med sjukehuset på Haraldsplass i Bergen. Når pasientar er utskrevne etter sjukehusopphald, vert Sentralen ofte kontakta for oppfylging. Det trengs fylgjeteneste til sjukehus som: Haukeland, Hagavik, Betanien, Haraldsplass Diakonale Sjukehus, Bergen Øyeklinikk, tannlege, helsetenester på Nesttun og på Osterøy.
Fylgjetenesten tek som oftast heile dagen. Det er både dei einskilde arbeidslag i kommunen, heimetenesten, pleie- og omsorg, Osterøytunet, bufellesskapet og heimebuande som tek kontakt med Sentralen om oppgåvane.
Hjelp ved sosialt samver
Frivillighetssentralen samarbeider med forskjellige lag, organisasjonar og einskildpersonar når det gjeld sosialt samver, bøsseinnsamlingar og tilskipingar. Det kan vera henteteneste, kontorabeid eller underhaldning.
Når det gjeld Eldredagen, som årleg arrangerast av Lions Club Osterøy, vert skriving, trykking, påmelding, utsending og ein del praktisk hjelp utførd av Frivillighetssentralen.
Ungdomsarbeid
Ungdoms-/dataklubb for heile Osterøy på Osterøy vidaregåande skule om tysdagane frå kl. 1530 til 2000, vert drive av dataingeniør Frank Pape og Ole-Johan Steiner. Dei er hjelparar i Osterøy Frivillighetssentral.
Her samlast ungdomar i aldaren 10 — 18 år til dataspel og surfing på Internett. Dette er ein del av Sentralens førebyggjande arbeid blant unge.
Mange oppgåver
Frivillighetssentralen har datakurs for pensjonistar og det er ungdom frå dataklubben som er instruktørar. Av andre oppgåvar kan nemnast: Oppretting av Osterøy Senioruniversitet, 26. april 2007, i samarbeid med: Osterøy bibliotek, Lonevåg og Osterøy Folkeakademi. Osterøy bibliotek er fast møteplass med frammøte den fyrste torsdagen i månaden. Om lag 40 personar deltek kvar gong. Vi har og arrangert stavkurs for eldre, i Fotlandsvåg, med god respons. Kulturvandring og open kyrkje på Bruvik i Kystsogevekene. Koordinator på Osterøy for NRK’s årlege TV-aksjon. Førstehjelpskurs, hente og levere bøker på bibliotek, turgåing, litt husvask og kyrkjeskyss. Badevakt på ungdomsskulen om laurdagane. Kløyving og stabling av ved, hagearbeid og snømåking. Telefonven, barnevakt, hjelp med data og bruk av eigen mobiltelefon. Det er elevar frå Osterøy ungdomsskule som er instruktørar på mobiltelefon-kursa. Kvart år delar Sentralen ut ein pris til særs dyktige medarbeidarar. Den skal vera ei påskjønning for god innsats.
Natteramnane
Natteramnane er grupper på 3 — 4 vaksne (over 18 år) som “vandrar” ute på stader der ungdom samlast kvelds- og nattestid og blandar seg med dei. Natteramnane er ikkje noko politi, men har som oppgåve å visa at vaksne bryr seg om kva ungdomen gjer. Natteramnane har eit godt samarbeid med lensmannskontoret. Frivillighetssentralen har om lag 20 natteramnar som “vandrar” kring på Osterøy etter behov, i tida: 2200 — 0200. Dei er under Vesta Forsikring sin paraply og er godt synlege i gule vestar.
Informasjon om Frivillighetssentralen
Vi har skrive artiklar i lokalavisa Bygdanytt og hatt program i Radio Osterøy. I bladet Kyrkjehelsing, som vert delt ut til alle husstandar på Osterøy, får vi og spalteplass. Sentralen har jamnleg informasjonsstands på Osterøy.
Osterøy Frivillighetssentral er oppretta for å styrkje den frivillige innsatsen. Sentralen skal vera eit formidlingskontor for frivillige aktivitetar. Vi rår i dag over om lag 50 hjelparar, 20 natteramnar og 100 bøssebærarar. Når det gjeld frivillig innsats på årsbasis er timetalet nær 3500. Dagleg leiar er på besøk i lag og organisasjonar ved ulike arrangement og informerar om Sentralen. Ho er jamnleg på heimebesøk hos brukarane.
Det er laga 8 brosjyrar om Osterøy Frivillighetssentral. Desse er sende alle husstandar på Oya, heradstyret, rådhuset, Osterøy legesenter, legekontoret på Valestrand, NAV, venterom og aktuelle kontor, lag og organisasjonar, biblioteket, sokneråd, skular og næringslivet. Det er Kultur- og kyrkjedepartementet, Osterøy kommune og dei fire helselaga: Fotlandsvåg, Hjellvik, Hamre og Hauge som står bak Osterøy Frivillighetssentral. Sentralen er heilt avhengig av sponsorar.
Styret har fylgjande samansetjing: Otto Mo, leiar, Lilly Haldis Nesse, Rolf Terje Vedå, Marianne Solberg og Einar Johnny Selvik. 1. varamedlem er Elna Mjelstad.
Dagleg leiar, Wenche Fiskeseth, har kontor på Bruvik (56 39 18 21) og i rådhuset i Lonevåg.
Osterey Frivillighetssentral Rådhuset 5282 Lonevåg. Tlf: 56 19 21 27 Fax: 56192101 Bank: 36265070587