Dette mener partiene om Bruvik!

Svarene ligger etter hverandre sortert alfabetisk. Hvis du vil si din mening kan du skrive i kommentarfeltet sist på siden.

Osterøy Arbeidarparti

Byggjefeltet

Osterøy Arbeidarparti ser realisering av byggjefeltet som naudsynt for å auke folketalet på Bruvik. Det er derfor sers viktig at alle talar vel om orådet og fokuserar på det positive som finst i bygda.

Vi har ikkje noko krav om at kommunen skal tena pengar på salet, men har sjøvsagt eit håp om at vi kan få dekka dei utgiftene vi har hatt. Det vil sei at vi ser for oss at vi kan selja til kostpris. Dersom det skulle vera aktuelt å selja med tap er det soko som må handsamast politisk i samband med budsjettarbeidet.

Ny veg Stokke-Bruvik

Vi ser at det kan verta vanskeleg å realisera heile prosjektet i eitt og har derfor større tru på ei oppdeling slik det no ligg føre. Prosjektet er det neste store vegprosjektet som vi må jobba for å realisera. Når det gjeld tidshorisont for oppstart så er dette vanskeleg å ha noko meining om da dette ligg i fylkeskommunen sine hend. Vi må syta for å pressa på for vedlikehald på eksisterande veg medan vi venter på oppstart.

Når det gjeld fylkesprogrammet så står det slik i Arbeidarpartiet sitt program – prioritera vedlikehald av fylkesvegnettet, samt fleire mindre utbetringar framfor større nye investeringsprosjekt. – ta omsyn til samfunnsøkonomiske konsekvensar, som trafikkmengd, rasfare, folketalsutvikling og generell trafikktryggleik ved utbygging av samferdselsprosjekt i fylket.

Sentrumsplanen

Denne er vedteken i OSterøy og ligg hjå Fylket som har ansvar for å realisera denne. Vi må berre halde fram med å purra dei høve denne.

BOF

Dersom vi finn det formålstenleg å vera med der vil vi melda oss inn der, Det vil i tilfelle vera naturleg å ta kontakt med dei som allereie er medlemmar for å høyre kva erfaringar dei har gjort med medlemsskapet.

Strandsonepolitikk

Vi vil halde oss til vedteke regelverk i høve strandsoneplitikk. Dersom det kjem opp søknadar om dispensasjonar vil desse verta handsama i kvert einskild tilfelle og innvilga/avslått alt etter dei lokale/serlege tilhøva. Når det gjeld å innføra eigne reglar for fastbuande så har vi ikkje diskutert dette. Mi personlege oppfatting er at det er ikkje dei som i først omgang har bruk for to soverom og toalett i nausta, dei har jo bustad med slike fasilitetar i kommunen allerede.

GODT VAL!

For Osterøy Arbeidarparti, Kari Foseid Aakre, leiar

Osterøy FrP

Byggjefeltet

Snarast ta opp i Kommunen: Kommunenmå snarast sikra seg godkjente tinglysningsbrev på det dei eig i området. Det har alt FrP hjelpt dei i gang med. Så bør dei ta opp med dei to andre grunneigarane om og løysa dei ut økonomisk. Så kan kommunen setja ut opparbeiing av veg, vatn og kloakk på anbod snarast. Etter det er kome på plass bør/skal tomtane seljast til kostpris. Kvar tomtakjøpar byggjer det hus som måtte passa dei innanfor regelverket.

Kommunen bør investera for framtida i Bruvik. Der har dei mykje og vinna. (Til dømes , veg, butikken, skulen, industri osv.)

Ny veg Stokke-Bruvik

Realismen bør vera god. Oppdeling i tre etappar, men med ein klar horisont. 3 gangar 2 år, eller max. 3 gangar 3 år. Altså helst innan 6 å eller max 9 år.

Det veit att FrP Osterøy har vegen på topp etter Hosanger som skal vera klar. Me har sagt ja til Bruvikvegen og også stemt JA. (Fleirtalet i heradstyret seier og ja, men stemmer NEI. Sjekk møtebok frå heradstyret.) Der ligg ein av dei største problema i heradstyret i dag. Dei seier og NEI til eigedomsskatt, men stemmer JA.)

Sentrumsplanen

Me vil pressa på kommunen og få dei til å pressa på fylket. Planen her er ferdig. Igjen er me i hendene til eit flertal i heradsyret som me ikkje er trygge på. Dessverre! Kostar dei tilsynelatande ikkje noko og sei ein ting og stemme noko anna.

BOF

Dette vil vera ei gunstig løysing for kommunen, og dei bør snarast søkja om medlemsskap. Me bør ikkje gløyma at ALLE friområde som kommunen har lagt ut, har dei sjølve truffe midt i med sine eigne kloakkutslepp. Sjå på den tidlegare finaste badeplassen på OSterøy, Vikane i Bruvik. Medlemskap i BOF vil vera ei rimeleg løysing for kommunen.

Strandsonepolitikk

Her er svaret eit klart JA, dette har me prøvd å få til. Med administrasjonen har vore forsiktige her, me må hugsa at ting også skal godkjennast av fylkesmannen! Einstemmige heradstyre, når det hender, er ikkje alltid gode nok for det «organet».

Håpar dette var svar på spørsmåla, og vil det ha ei anna «styring» på kommunen så er det snakk om og sleppa rette lappen i urna den 12. september. FrP vil og ha ein god kommune å bu i. GODT VALG!

Med vennleg helsing FrP, Osterøy

Osterøy Høyre

Byggefelt

Høyre ser det som viktig at byggefeltet på Bruvik blir solgt. Høyre vil følge opp salgsprosessen og være en pådriver ovenfor kommunen og megler for økt aktivitet og framgang i denne.

Høyre mener at kommunen kan selge til kostpris og eller med tap for å investere i framtiden med økt folketall og økte inntekter. Høyre stiller ikke noe krav til at kommunen skal tjene penger på salget umiddelbart. Dette vil kommunen tjene på over tid.

Ny vei Stokke-Bruvik

Høyre mener det er stor realisme i prosjektet dersom det legges fram som en 3 delt gjennomføring slik som Bruvik bygden har gjort. Da vil man over tid kunne finne økonomi til prosjektet og forsvare dette ovenfor andre prosjekter.

Det har seg slik at dette er et Fylkeskommunalt prosjekt i alle tilfeller, noe som gjør at Osterøy Høyre ikke kan bruke fylkeskommunale midler. Det Osterøy Høyre vil bidra med er å få Osterøy Kommune til å yte et større press på fylkeskommunen for å få denne traseen gjennomført samt at vi vil være en pådriver opp mot egne fylkepolitikere.

Vi mener det er en riktig prioritering av Bruvik bygden ettersom at de faremomentene vi vet denne veien i dag innehar er overhengende. Det er også viktig at bygden viser sammenhengen mellom byggefelt, butikk, vitalisering og vei.

Høyres fylkeslag skulle gjerne ønske ny trasee, men det pr i dag er ikke dette en prioritert trasee da det er andre veiprosjekter som ligger forann på listen.

Sentrumsplanen

Høyre ønsker å få gjennomført sentrumsplanen for Bruvik så snart det er økonomisk forsvarlig. Dette er en budsjett sak. Det er ingen tvil om at dette er et tiltak som vil bedre tryggheten av å ferdes langs veien i Bruvik sentrum, bedre vilkårene for butikken og kollektivttilbudet. Høyre vil bringe denne saken fram og stille spørsmål til Heradstyre om en plan for gjennomføring.

BOF

Høyre ønsker at Osterøy kommune skal melde seg inn i BOF og vil gjøre det vi kan for å få dette til så snart som mulig etter valget. Vi ser det som et meget positivt medlemskap som vil sikre en bedre utnytting av den fantastiske naturen Osterøy har å by på.

Strandsonepolitikk

Vi er positive til Austevoll sin modell sett bort fra at vi ikke ønsker en favorisering av fastboende men likhet for alle. Dette er en sak vi ønsker å få inn i kommende kommuneplan. Arbeidet med denne vil bli satt i gang rett etter valget. Det er viktig at alle slike tiltak blir satt i system i kommuneplanen for å få gjennomslag hos fylkesmannen. Høyre mener at en bør kunne sette opp naust med failiteter såfremt at en opprettholder fri tilgang til strandsonen som loven krever.

Håper høyres svar er til forventningene og til oppmuntring for valg av parti når en er i stemmelokaletJ

Beste hilsener, For Osterøy Høyre, Thomas Kristiansen

Osterøy Kristeleg Folkeparti

Byggjefeltet

Me ynskjer veldig sterkt at bustadfeltet skal verta utbygd. Me kan tenkja oss at kommunen sel til kostpris, det er det mest ansvarlege i den økonomiske situasjonen som råder i kommunen.

Ny veg Stokke-Bruvik

Realismen i prosjektet er det vanskeleg å uttala seg om. Me vil byggja den ut i 3 etappar, kanskje 2, fordi det er det mest realistiske. Dette er også i tråd med det som står om denne saka i vårt program.

Sentrumsplanen

Me ynskjer å gjera det me kan for å blåsa liv i den sovande planen om sentrum.

BOF

Dette spørsmålet har me ikkje drøfta i partiet men personelg er eg positiv til kommunalt medlemskap i BOF, det er også i tråd med Krf sin miljøpolitikk.

Strandsonepolitikk

Dette kan eg ikkje svara på no, dette må me drøfta i partiet.

Med venleg helsing Dag Sveinung Åsheim, Osterøy Krf (Kristeleg Folkeparti)

Osterøy Senterparti

Byggefeltet

Utbygginga av byggefeltet må koma i gang så raskt som mogeleg.

Det beste hadde vore om kommunen kunne overta feltet frå grunneigarane og sellt det vidare til aktuelle utbyggarar til redusert pris. Men slik kommunøkonomien er for tida, er dette urealistisk.

Sp meiner derfor at løysinga vert at kommunen overtek feltet og sel det vidare til kostpris, utan forteneste.

Ny veg Stokke-Bruvik

Realismen i prosjektet: Forprosjektet er grundig og godt gjennomarbeidd, og gir eit godt grunnlag for vidare arbeid med planlegginga av vegen.

Tidshorisonten for eventuell oppstart: Dette har me ingen styring med lokalt. Over halvparten av Hordaland fylke sitt busjett til nye veganlegg blir brukt i og omkring Bergen, og det vert derfor altfor lite pengar til anlegg elles i fylket. Dette har fylkestingsgruppa til Sp tatt opp med Samferdseldep og bedt om større løyvingar til Hordaland. Å venta på ordinære vegløyvingar vil derfor ta tid.

Etter vår meining må det derfor arbeidast med å skaffa rassikringsmidlar til vegprosjektet.

Oppdeling i 3 etappar kontra eitt stort prosjekt: Med den kostnadsramma det er for heile vegen, er det heilt sikkert fornuftig å dela det opp i 3 etappar. Det viktigaste er at det vert starta opp med ny veg, framfor å «lappa» på gamlevegen.

Lokallaget si prioritering av vegprosjektet: Herredstyret vedtok i 2010, mot Sp sine stemmer, å legga vatn og kloakk frå industrifeltet på Espevoll til Haus. Vatn og kloakk skal ligga langs vegen i Vesethgjelet. Dermed vart det også nødvendig å prioritera utbedring av vegen i Vesetgjelet først overfor Fylkeskommunen, med vegen til Bruvik som nr. 2. Osterøy Sp kjem til å prioritera Bruvikvegen først når Vesethgjelet er ferdig.

Vårt inntrykk er at Sp si Fylkestingsgruppe er positiv til Bruvikvegen, og Osterøy Sp nyttar alle sjangsar overfor våre samferdselspolitikarar til å snakka varmt om prosjektet.

Sentrumsplanen

Osterøy Sp ser heilt klart trongen for å rusta opp Bruvik sentrum etter reguleringsplanen for å få betre trafikktryggleik, betre parkeringsforhold, og for å gjera Bruvik sentrum meir tiltalande. Problemet har vore kommunøkonomien, der det ikkje har vore pengar til slike tiltak i kommunen. Derfor vil Osterøy Sp behalda eigedomsskatten uendra dei neste 4 åra, m.a. nettopp for å få midlar til å realisera slike og liknande prosjekt, som betyr mykje for mange bygder. (Samla eigedomskatt og frie midlar frå Fylkesmannen som er kobla opp til kommunal eigedomsskatt er for Osterøy ca. 15 mill. kroner pr år).

BOF

Osterøy Sp vil vurdera medlemskap i BOF. Dette kan truleg tilføra pengar til aktuelle friluftstiltak.

Strandsonepolitikk

Osterøy Sp finn det vanskeleg å sortera mellom fastbuande og andre. I Regjeringa har Sp arbeidd for ein differensiert strandsonepolitikk. Det er ikkje naturleg med same reglar i Indre Oslofjord og ute i distrikta, der presset på strandsona er mykje mindre. Dette er det opna for, og Osterøy Sp støttar dette. Det er derfor ønskjeleg at det vert peika ut område der det vert opna for store naust med t.d. soverom og bad ved framtidig arealplanlegging. Slike område må ikkje stengja for andre sine mogelegheiter til å bruka strandsona.

Med helsing Osterøy Senterparti, Eiliv Veseth, leiar

Legg igjen kommentar

kunngjeringar

Zumba for alle starter opp i september 2017. Deler av timen er Zumba strong (styrketrening). Kjempegøy og veldig god trening!

Prisen kr 1300 inkludert medlemskap i Bruvik idrettslag. Ta kontakt med Jorunn Hermannsen 41634888 eller møt opp!

Betal til Vipps nummer 87757 eller kontonummer 3626 07 22276, merk betaling med personer og fødselsdato.

Bruvik på facebook!

Klikk her for å gå til Bruvik sin facebook-gruppe

Bli med i gruppen og få nyheter fra Bruvik!


Treningsrommet
på Knausatun

Tren når du vil! Mange apparater på plass, åpent for alle. Les mer her eller spør i Nærbutikken.

image_preview

Hvis du bruker Internet Explorer kan du ha bruvikbygda.no som startside ved å klikke her.