Nærbutikken Bruvik
Nærbutikken Bruvik har runda sitt første år, og me har gått laus på det andre året med stort pågangsmot. Sommarhandelen har gått om lag som forventa, men litt fleire godværsdagar hadde gjort godt både for dei ferierande og butikkdrifta. I samband med 1års-jubileet vart det servert smaksprøvar av ymse matvarer produsert av små spesial-leverandørar. Dette var populært, og i ettertid er det mange som har kjøpt Lærdalslaks, Bønespølser, Bønesbacon, Veitastrond-geitost og Verpelstadkorv m.m. Me vil fortsetja å auka utvalet av slike spesialprodukt. Sjå etter ”Lokal Mat”-etikettar i butikken.
Ta gjerne kontakt!
Tlf: 56392050 Mobil: 47814562 Fax: 56392051 E-post: narbutikken.bruvik@ngbutikk.net
Butikknytt på SMS
No kan du få nytt om aktivitetar, sesongvarer, nye varegrupper m.m rett på mobiltelefonen din. Informasjon om Skyr/Q-melk, lagringspoteter, ordninga med fersk fisk/sjømat, julegateopning og julemat/drikke er eksempel på kva som er aktuelt å senda ut. Det er altså ikkje snakk om å ”drukna” kundane med trivielle ting. Dei første meldingane har allerede vorte sendt ut. Dersom du vil vera med på ordninga, kan du senda ein SMS med navn og mobilnummer til 47814562 (Jan), eller skriva deg på ei liste som ligg ved kassen på butikken. Det er sjølvsagt like enkelt å melda seg ut dersom du skulle vera misnøgd.
Les saken fra sommeren 2009 i Bygdanytt.

Bygda kjøpte butikken
Da lokalbutikken ble nedlagt i april 2008, kjøpte bygdefolket bygningen, som består av et nesten fullt utstyrt butikklokale, bensinpumper, leilighet i 2. etasje og et stort kjellerlokale. Nå søker Bruvik etter ny kjøpmann eller -kvinne!
14. november skriver Bygdanytt en artikkel om Bygda som kjøpte butikken.
