Bruvik skule

Bruvik skule: omkransa av fjord og fjell

Bruvik skule ligg i Bruvik som er ei bygd med variert og fin natur, med skog og mark og opnare lende innimellom, omkransa av fjell og fjord. Naturen nyttar me oss mykje av når me tar elevane med ut på ulike turar og undervisningsopplegg. Mellom anna er det eit område på Olsnes som skulen har fått høve til å nytta seg av på utedagane. Men av og til drar me til fjells der me vår og haust kan fiska og gå fine fotturar, eller om vinteren bruka ski og skeiser. Nede ved fjorden har me også mange fine område der det høver med fisking og andre friluftsaktivitetar. Vil me til dømes studera livet i fjæra, så er det fleire plassar i nærleiken som eignar seg til det.

Bruvik skule ligg på Olsnes, om lag 1 km nordaust for Bruvik sentrum. På biletet ser me skulen med Langhelle i bakgrunnen på andre sida av fjorden. Utanfor høgre biletkant  skrår fjellet vidare oppover mot Raudnipa (i bakgrunnen) og Hananipa (endå lengre mot høgre og nærare fjorden).

Me har ein fin og ganske ny skule. Han vart teken i bruk i oktober 1999. Skulen har både heimkunnskapsrom og sløydsal, men kroppsøvinga går føre seg  i storsalen i Knausatun, eller utandørs.

Skulekoret har til vanleg øving kvar fredag og deltek ofte i samband med skulen sine ulike arrangement.

Som eit ledd i arbeidet med å motverka mobbing og antisosial åtferd, har skulen delteke i Olweus-prosjektet, og byggjer på desse metodane i det vidare arbeidet.

kunngjeringar

Vil minne om Bruvikdagen 21 august kl 10-15 i Bruvik sentrum. Om kvelden blir det dans på Knausatun. Meir informasjon vi komma, følg med!

INNEBANDYTURNERING for alle mandager i mars 2010. Meld deg på til Jorunn Hermansen tlf 56391722. Les meir

HaFo 13. – 14. mars i Osterøyhallen. Det blir meldt på 4. klasse lag og 6./7. kl. Dette er skulen sitt arrangemang. Kampoppsettet finner du her.

BINGO søndag 11. april kl. 16.00 på Knausatun. Her er alle hjerteleg velkommen til ei triveleg stund i lag med kjensfolk og venner. Det blir sal av kaffi og kaker. Styret i KUL – Vel møtt!

Hvis du bruker Internet Explorer kan du ha bruvikbygda.no som startside ved å klikke her.

  • KALENDER

    • Events are coming soon, stay tuned!