Bruvik kyrkje

Bruvik kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1867. Kyrkja vart førd opp etter Frederik Hannibal Stockfleth sine teikningar til Fusa kyrkje. Byggmeister Ole Vangberg gjorde ymse endringar og tilpassingar av teikningane for kyrkjebygget i Bruvik.

Det har vore kyrkje i Bruvik sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Bruvik sokn nemd i kjeldene er frå 1340. Bruvik-kyrkja er òg nemd i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei lafta kyrkje tidleg på 1600-talet. Denne sto til 1866 då ho vart riven.

Bruvik kyrkje er soknekyrkje i Bruvik sokn i Osterøy prestegjeld i Nordhordland prosti. Bruvik høyrde fram til 1869 til Haus prestegjeld. Då vart Bruvik saman med Stamnes sokn skilde ut som Bruvik prestegjeld.

(Tekst fraWikipedia)

kunngjeringar

Vil minne om Bruvikdagen 21 august kl 10-15 i Bruvik sentrum. Om kvelden blir det dans på Knausatun. Meir informasjon vi komma, følg med!

INNEBANDYTURNERING for alle mandager i mars 2010. Meld deg på til Jorunn Hermansen tlf 56391722. Les meir

HaFo 13. – 14. mars i Osterøyhallen. Det blir meldt på 4. klasse lag og 6./7. kl. Dette er skulen sitt arrangemang. Kampoppsettet finner du her.

BINGO søndag 11. april kl. 16.00 på Knausatun. Her er alle hjerteleg velkommen til ei triveleg stund i lag med kjensfolk og venner. Det blir sal av kaffi og kaker. Styret i KUL – Vel møtt!

Hvis du bruker Internet Explorer kan du ha bruvikbygda.no som startside ved å klikke her.

  • KALENDER

    • Events are coming soon, stay tuned!