Historikk

Historien om Bruvik IL

Bruvik idrettslag het tidlegare Skaftå idrettslag. Det vart starta opp i 1929 i forbindelse med gruvedrifta på Skaftå. I 1930åra var det 2 idrettslag i bygda. Ved sida av Skaftå idrettslag var det Skaftå  arbeideridrettslag tilslutta Arbeidernes Idrettsforbund(AIF). I 1940 gjorde dei to idrettsforbunda avtale om å gå saman til Norges Idrettsforbund.

I krigsåra låg arbeidet i idrettslaga nede, men mange i bygda trente. Det var i denne tida skipa til illegale tevlingar her i bygda. Første tida med idrettslag i bygda var hovudaktiviteten vinteridrett, hopp og langrenn. Det var hoppbakke i Skaftådalen med bakkerekord på omlag 40 meter. Det vart også drive friidrett, særleg spydkast. På eit stemne på Skansemyren etter krigen tok laget dei 4 første plassene i spyd. Treningstilhøva var dårlege og det var satt igang med idrettsplass på Olsnes. Arbeidet starta opp i 1946. Laget fekk 14000.- i tippemidler. Det var gjort ein del på 50-talet, men nedlegginga av Skaftågruvene gjorde til at arbeidet stoppa opp. På midten av 70-talet var det bygd mange nye hus og unge familier slo seg ned. Arbeidet med idrettsplassen tok seg opp att, og laget skifta navn til Bruvik idrettslag.

I 1982 var idrettsplassen ferdig. Det var drive mange slag aktiviteter, men fotball dominerte. Då Knausatun kulturhus stod ferdig i 1997, var det lettare å drive idrett innandørs. (Kilde: Osterøyboka)

kunngjeringar

Lysmesse og julekonsert

i Bruvik kyrkje

11. des. kl. 17:00.

Sokneprest Tomren, kantor Rivenes, konfirmantene, Haus musikklag og kulturskulen sitt barnekor.

Velkomen!

Hvis du bruker Internet Explorer kan du ha bruvikbygda.no som startside ved å klikke her.

  • KALENDER

    • Events are coming soon, stay tuned!